Trøndelagsskappleikane har tradisjonelt gått over ein dag. Gjerne slik at det for mange av deltakarane og følge, har vore ei ”lang dags ferd mot natt” i buss eller andre skyssbilar.
Noen arrangørar har gjort kappleikhelga til noe meir enn berre ei tevling. Den eine dagen strekk knapt nok til for dei som er deltakarar og som også vil pleie sosiale kontaktar og ha andre opplevingar. Der det er mogleg å få det til, er det tilbudt ei eller to overnattingar. Slik unngår vi at dette blir eit stressande tiltak – og så blir det plass til for eksempel konsertar og anna underhaldning. Det er på denne måten årets arrangør har tenkt når vi inviterer til Trøndelagskappleiken 2016!
Program
Fredag 05.02
kl. 18.00 Åpning kunstutstilling Skifer Hotell (Storskrymten)
kl. 20.00 Pubkonsert Skifer Hotell (Skifersal 1-3)
kl. 22.00 Åpen scene / dans Skifer Hotell (Skifersal 1-3)
Inngangsbillett konsert : kr 200.- For øvrig gratis inngang.
Trøndelagskappleiken 2016
Lørdag 6. februar
kl. 11.00 Tevling Oppdal Turisthotell
kl. 20.30 Premieutdeling Skifer Hotell (Restaurant)
kl. 21.00 Tevling, lagspell Skifer Hotell (Restaurant)
ca. kl. 23.00 Åpen scene / dans Skifer Hotell (Restaurant)
Gratis inngang på alle forestillinger!